Naustdalsprisen 2011 til Arne Grimset

Arne Grimset fekk årets Naustdalspris.

Arne Grimset vart tildelt Naustdalsprisen 2011 under Kommunestyremøtet torsdag kveld. Det var ein svært overraska prisvinnar som kunne ta imot Naustdalsprisen som var den 16. i rekkja. Grimset sjølv var tilstades i kommunestyresalen som tilhøyrar, og hadde inga aning om prisen han skulle få på slutten av kommunestyremøtet.

Grimset får prisen for arbeidet han har lagt ned i Tambarskjelvar IL gjennom ein heil mannsalder, nemlig heile 50 år. Han er fortsatt engasjert i idrettslaget i Naustdal, og er blandt anna styreleiar for bruksstyret i Naustdalshallen.

Tidlegare vinnarar av Naustdalsprisen:

Stian Grimseth og Merita Berentsen 1996
Magnhild Hukset 1997
Vevring utstillinga 1998
Naustdal Sogelag 1999
Einar Eimhjellen 2000
Tambarskjelvar Idrettslag 2001
Kjartan Slettemark 2002
Naustdal Spelemanslag 2003
Naustdal Ungdomslag 2004
Hans Hvitsten 2005
Tambarskjelvar Idretslag, Vollyballgruppa 2006
Naustdal Frivilligesentral 2007
Howard Olivers 2008
Oddvar Torsheim 2009
Sigvor Mortensbakke 2010

Kommunestyremøte i Naustdal

Torsdag 15.desember er det møte i kommunestyret.

Torsdag 15.desember vert det avholdt kommunestyremøte i Naustdal, som vanleg skjer dette i Kommunestyresalen i kommunehuset. Vi tok oss ein tur innom heimesida til Naustdal kommune i dag for å sjå kva saker som skulle behandlast av våre lokale politikarar. Om det er vi som er dårlege å leite, veit vi ikkje. Men så langt vi kunne sjå, var det lite, eller rettare sagt, ingenting om torsdagens møte.

Vi trur at det er fleire enn oss som er passeleg interessert i kva saker som skal behandlast i eit kommunestyremøte. Difor meiner vi at saker av ein slik art bør ligge lett tilgjengeleg for bygdas innbyggere.

Er du ein av dei som som har leita og ikkje funne, kan vi vise deg sakslista for kommunestyremøtet på torsdag.

Fylkesordføraren opnar Naustdal-Sæla

Vegen mellom sentrum og Sæla er så nær som ferdig, og vert høgtidleg opna 9.desember av fylkesordføraren.

 Arbeidet på vegen mellom Naustdal sentrum og Sæla går no mot slutten. Vegen er no kraftig oppgradert med med brei køyrebane og gang- og sykkelveg. Lyktestolpane står tett i tett, og har kommunen råd til lys i alle mastene framover, vert det greit å spasere heim også på nattestid.

Fredag 9.desember er datoen då det heile skal offisiellt opnast, der sjølvaste fylkesordførar Åshild Kjelsnes kjem og skal klippe snora.

Ifylje Naustdal kommune si heimeside, startar arrangementet kl.11.00 ved vegskillet til Kringla, der det vert lova underholdning, talar  og lett servering.

Klokka 11.45 startar opningssermonien, der fylkesordføraren altso skal ha hovudrolla, og mest truleg vil klippe snora i raudt, kvitt og blått.

Julekalender 2011

 

Julekalendere finst både for små og store.

Igjen er det tid for julekalendere, der ein også i år kan velge og vrake i eit hav av ulike varianter som skal friste våre små håpefulle. Men det er langt i frå berre borna som gledar seg til åpning av kalender fram mot jul. I dei seinare åra har også mange nettsider julekalendere, der ein i hovudsak har satsa på den noko eldre garden.

Tenning av julegrana

Tenning av julegrana i Naustdal

Tenning av julegrana i Naustdal

Søndag 27.november kl.15.30 blir julegrana i Naustdal sentrum tent. Førde ungdomskorps spelar julesanger, og det blir gang rundt juletreet.

Etterpå blir det underhaldning, kafè og basar i kantina på Naustdal barne- og ungdomsskule. Arrangørar er Førde ungdomskorps.

Konsert i Naustdal kyrkje

Sinikka Langeland held konsert i Naustdal kyrkje fredag kveld.

Sinikka Langeland med Esemble held i kveld konsert i Naustdal kyrkje.

Sinikka Langeland, som er født i 1961 i Kirkenær, er ein norsk sangar og musikar med det finske instrumentet kantele som spesialitet og  ho har finske aner. Langeland har utvikla seg til å bli den fremste tolkar av, og talskvinne for, den vokale folkemusikken frå Finnskogene.

I kveldens konsert i Naustdal kyrkje får vi høyre ny musikk i grenselandet mellom folkemusikk og jazz.

Konserten startar kl.19.00.  Bilett: kr. 200.- Born går gratis.

Slik banner vi i Naustdal

Stand up-komikaren Grim Moberg, som tydlegvis ættar frå Naustdalsbygda, dreg her ein bra ein om bannskap i Naustdal. Vi syntes det var så bra at vi har lagt ut You Tube-videoen til glede for fleire. Vi gjer oppmerksom på at sekvensen inneheld mykje bannskap, og kan være støtande for nokon!?

Eldre årgang

Naustdal kyrkje og deler av sentrum. Bildet er truleg frå slutten av 1950-talet eller tidleg på 1960-talet. Klikk på bildet for å få det større.

 

Ikkje siste nytt akkurat, men eit lite streif tilbake i tid. Vi har ikkje heilt klart å stadfeste årstalet bildet er teke, men det er nok tatt på slutten av 1950-talet eller heilt i starten på 1960-talet. På bildet ser vi blandt anna hotellet som var i Naustdal, var det Sivertsen Hotel det heitte?  Artig også å sjå dei høge skorsteinane på kyrkja. Som vi ser gjekk sjøen nesten heilt inn i kyrkjeporten på den tida.

Ustabil side !

Om du har vore inne på denne sida dei siste dagane, har du sikker lurt på kva som skjer. Frå den eine timen til den andre, er utsjånaden på sida blitt endra.

Vi jobbar fortsatt med å få den utsjånaden vi ynskjer sida skal ha, og dermed vil du kanskje også oppleve at sida du ser på no, er heilt forandra neste gong du går inn på naustdal.info.

Statsråden på synfaring i Vevring

Utafor Fosshalla møtte statsråden protestar mot fjorddepoet.

Det er fjorddeponiet som er utfordringa her, sa miljøvernminister Erik Solheim då han tysdag var i Naustdal og Vevring og oppsummerte første del av synfaringa.

Mange tilhøyrarar hadde teke vegen til Fosshalla, og endå fleire var til stades under synfaringa i Vevring, der statsråden blandt anna kunne sjå og høyre Oddvar Torsheim.