Kommunestyremøte i Naustdal

Torsdag 15.desember er det møte i kommunestyret.

Torsdag 15.desember vert det avholdt kommunestyremøte i Naustdal, som vanleg skjer dette i Kommunestyresalen i kommunehuset. Vi tok oss ein tur innom heimesida til Naustdal kommune i dag for å sjå kva saker som skulle behandlast av våre lokale politikarar. Om det er vi som er dårlege å leite, veit vi ikkje. Men så langt vi kunne sjå, var det lite, eller rettare sagt, ingenting om torsdagens møte.

Vi trur at det er fleire enn oss som er passeleg interessert i kva saker som skal behandlast i eit kommunestyremøte. Difor meiner vi at saker av ein slik art bør ligge lett tilgjengeleg for bygdas innbyggere.

Er du ein av dei som som har leita og ikkje funne, kan vi vise deg sakslista for kommunestyremøtet på torsdag.

Saksliste for Kommunestyremøtet torsdag 15.desember:

  1. Refferat og meldingar
  2. Budsjettkontroll etter 8 mnd
  3. Kommunedelplan for energi og klima for Naustdal kommune 2011-2015 – Vedtak av plan
  4. Delegasjon etter lov om planlegging og byggesaksbehandling – byggesaker
  5. Krisesentertilbod i Sogn og Fjordane
  6. Rammeavtale for samarbeid mellom Bufetat og kommunen – uttale
  7. Innspel til Nasjonal transportplan – riksvegutbygging,eventuellt og til Førdepakken
  8. Luftkampmuseet i Naustdal – vidare utvikling
  9. Val av styrerepresentantar
  10. Søknad om finasiering av byggesteg 2 på Naustdal stadion
  11. Kretsendringar – framlegg til nye kretsgrenser i skulekrinsane
  12. Kommunale gebyr innan plan,næring og teknisk 2012
  13. Kommunale gebyr 2012
  14. Betalingssatsar i helse og omsorgssektoren 2012
  15. Betalingssatsar i barnehagar, SFO og musikkskulen 2012
  16. Budsjett 2012 – kyrkjeleg fellesråd
  17. Kassakreditt 2012
  18. Skattlegging 2012
  19. Budsjett 2012
You can leave a response, or trackback from your own site.
  • Jippi

    Flott!! Var faktisk på leit etter dette sjølv, men det er visst berre politikarene som har tilgang til sakene. Takk :)