Arne Grimset vart tildelt Naustdalsprisen 2011 under Kommunestyremøtet torsdag kveld. Det var ein svært overraska prisvinnar som kunne ta imot Naustdalsprisen som var den 16. i rekkja. Grimset sjølv var tilstades i kommunestyresalen som tilhøyrar, og hadde inga aning om prisen han skulle få på slutten av kommunestyremøtet.
Grimset får prisen for arbeidet han har lagt ned i Tambarskjelvar IL gjennom ein heil mannsalder, nemlig heile 50 år. Han er fortsatt engasjert i idrettslaget i Naustdal, og er blandt anna styreleiar for bruksstyret i Naustdalshallen.
Tidlegare vinnarar av Naustdalsprisen:
| Stian Grimseth og Merita Berentsen | 1996 |
| Magnhild Hukset | 1997 |
| Vevring utstillinga | 1998 |
| Naustdal Sogelag | 1999 |
| Einar Eimhjellen | 2000 |
| Tambarskjelvar Idrettslag | 2001 |
| Kjartan Slettemark | 2002 |
| Naustdal Spelemanslag | 2003 |
| Naustdal Ungdomslag | 2004 |
| Hans Hvitsten | 2005 |
| Tambarskjelvar Idretslag, Vollyballgruppa | 2006 |
| Naustdal Frivilligesentral | 2007 |
| Howard Olivers | 2008 |
| Oddvar Torsheim | 2009 |
| Sigvor Mortensbakke | 2010 |



desember 15th, 2011
admin 
Posted in