Skular og barnehagar
Skular og barnehagar i Naustdal
NAUSTDAL BARNE- OG UNGDOMSSKULE Tlf: 57 81 63 05
Naustdal barne og ungdomsskule ligg sentralt i sentrum av Naustdal. Skulen mottek elevar frå sentrum krins på barnesteget og frå heile kommunen på ungdomssteget.
Skuleanlegget består av ein samanhengande bygningsmasse med ein fleirbrukshall frå 2001, ein midtfløy frå 2001, rehabilitert fløy frå 1968 med eit påbygg frå 1997, og ein spesialromsfløy frå 1968.
DALEN SKULE Tlf: 57818651
Dalen skule er ein femdelt 1.-7.skule med 76 elevar. Skulen er delt 2 stader, avdeling Horstad med 1.-3.årssteg med 42 elevar og avdeling Midtredalen med 4.-7årssteg med 42 elevar.
Begge avdelingane har eit godt aktivitetsområde for elevane. Med anna har avdeling Horstad ballbinge. Begge skulane har eit område til uteskule kort veg frå skulebygga. Ved avdeling Horstad er det SFO-tilbod.
Begge skulane vert leigd ut på kveldstid og i helgar i krinsen. Naustdal kommune har utarbeidd utleigereglar og takstar. Ved leige kan ein kontakte rektor.
Gamleskule på Horstad vert brukt som vevstove på kveldstid. Skulebygget vert ikkje brukt i skulesamanheng.
VEVRING SKULE Tlf: 57818230
Vevring skule er ein fådelt skule med elevar frå 1.-7.klasse. Skulen er rehabilitert i 2008, og framstår som brukarvenleg og har god universell utforming
Skulen sitt inntaksområde strekkjer seg frå Kvellestad (grensa mot Flora) til Redalen (grensa mot sentrum skulekrins). Elevane frå Vevring går på Naustdal barne- og ungdomsskule på ungdomssteget. Det er i overkant av en halv time å køyre frå Vevring skule til Naustdal sentrum (ca 23 km). For dei elevane som bur på Horne, grensa mot Flora kommune, er avstanden til Naustdal sentrum vel 30 km.
LUNDEN BARNEHAGE Tlf: 57819468
Lunden barnehage ligg i Naustdal sentrum med kort veg til skog og mark, sjø, fotballbane, idrettshall og kommunesenter, og har såleis eit allsidig og rikt nærområde.
Lunden barnehage er ein 4 avdelings barnehage i Naustdal sentrum. Barnehagen er godkjend for barn i alderen 0-6 år og har inntil 36 plassar for barn over tre år og inntil 18 plassar for barn under tre år. Tre av avdelingane er lokalisert i hovudhuset, i tillegg har vi ei brakka rett over vegen der vi har ei midlertidig småbarnsavdeling.
Barnehagen er open måndag - fredag frå 07.00 – 16.45, og barna har tilbod om 9 timar opphaldstid. Lunden barnehage tilbyr sommaropen barnehage.
HORSTAD BARNEHAGE Tlf: 57818981
Horstad barnehage er 5 år gamal og holder til i same bygg som Dalen skule avdeling Horstad.
Barnehagen har 2 avdelingar, marihøna 0-3 år med 12 barn og sosikka 3-6 år med 22 barn. Det er 9 vaksne som arbeider i barnehagen. Siden barnehagen er lokalisert i same bygget som skulen, er det eit tett samarbid mellom skulen og dei eldste barna i barnehagen.
Opningstidar for barnehagen er frå kl. 06.45 – 16.45 kvar dag. Barnehagen er stengt om sommaren, då er det mogleg å få plass i ein annan kommunal barnehage.
LOFFEN BARNEHAGE Tlf: 57 81 94 11
Loffen barnehage er ein privat, 3 avdelings barnehage, og held til i dei ombygde lokala til tidlegare Naustdal dampbakeri i Naustdal sentrum.
Barnehagen flytta inn i desse lokala i 1988. Barnehagen vart utvida frå to til tre avdelingar i januar 2008, i ein del av bygget som fram til då hadde vore ei leilegheit. Det er 44 barn og ca 11 årsverk i barnehagen.
VEVRING BARNEHAGE Tlf: 57818826
Barnerhagen held til i Fjordtun som ligg nær skulen. Ei stifting reiste bygget i 1993 med tanke på barnehage og eldrsenter /omsorgsbustader. To leiligheiter vart slått saman og bygde om frå starten av..









